Heim til jul med Helgesenkoret

Heim til jul: Konsert med Helgesenkoret og vener 

Laurdag 10. desember kl 17.00

Velkomen til førjulsstemning med Helgesenkoret og vener. Her får du eit avbrekk frå mas og kjas, halvannan time fylt med rolege og energiske songar, både norske og engelske.

 

Helgesenkoret består av søskena Helgesen frå Selje og familie og vener frå rundt omkring i Nordfjord. Helgesenkoret har arrangert førjulskonsertar kvart år sidan 2012, med unntak av i 2020. Dette blir difor den tiande førjulskonserten!

 

Helgesenkoret har også med seg fleire profesjonelle musikarar som vi har samarbeidd med i fleire år. Vi lovar god stemning, kos, moro og sarte tonar.

 

Konserten varer i om lag 1,5 time - ikkje pause

 

Billettprisar inkl. avg: 

Ordinær 350 kr

Barn under 15 år 75 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 10 des 17:00 Heim til jul med Helgesenkoret 350/75 Kjøp