Gratis og uforpliktande verdivurdering

TEATER VESTLAND: Gratis og uforpliktande verdivurdering

Fredag 18. februar kl 18.30

Nokre-og-førti år gamle Hanne bur saman med Andreas og to små born i ei leilegheit som ho vil seie er perfekt for studentar eller einslege. 

Så dukkar draumehuset i sjølve draumegata opp på finn.no. Hanne har studert nabolagsprofilane for heile byen, og ingen har betre nabolag enn her. Det er ein ressurssterk bydel med godt utbygde idrettsanlegg og ein høg andel sosialistiske veljarar. Dei tenker ikkje berre på seg sjølve her, nei! 

Viss dei berre får kjøpt det huset, skal ho starte dagen i treningsklede. Ho kjem til å bli så sprek at ho har overskot til alle. Heilt umerkeleg vil ho smelle saman ei røre og servere sveler til alle ungane, og naboane vil vere så gode venner at det er naturleg å ha grillfest saman. Og viss ho berre finn den rette eigedomsmeklaren, vil dei ikkje då få betre takst på leilegheita og «ja» til nytt huslån? 

Vi følger Hanne og Andreas i dagane fram mot bodrunda. Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei? 

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» er basert på boka til Marit Eikemo, ein knakande god pageturner om moderne, norsk kvardagsliv.

Kunstnarleg lag: Forfattar Marit Eikemo. Dramatikar Mari Hesjedal. Regissør Linn Meyer Kongshavn. Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington. Komponist Marianne Stranger. Lysdesignar Krystian Myska. Dramaturg Miriam Prestøy Lie. Ansvar for scenisk språkovergang Terje Lyngstad

Medverkande: Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen, Carina Furseth, Peder Lauvås

 

Framsyninga varer i om lag 1,5 time - med atterhald om endringar

 

Billettprisar inkl. avg: 

Ordinær 385 kr
Honnør 315 kr
Gruppe 5+ 315 kr
UNG ungdom 16-30 år 135 kr
BOB-medlem 315 kr - må vise medlemskort
Teaterven 265 kr - må registrere tilsendt promokode
Barn til 16 år 125 kr

 

Rullestol? Scenekort? Kontakt post@operahuset.no