Engegård og Ann-Helen Moen

Engegårdkvartetten og Ann-Helen Moen

Onsdag 25. august kl 19.00

Engegårdkvartetten og Ann-Helen Moen tek med seg Haydn og Schumann til Nordfjord! Etter eit langt år med pandemi og strenge restriksjonar gler dei seg til å møte publikum på ekte, levande konsertar. Musikken på programmet bør falle i smak for både etablerte og framtidige kjennarar!

 

Engegårdkvartetten:  

Arvid Engegård - 1. fiolin
Ragnhild Kyvik Bauge - 2. fiolin
Juliet Jopling - bratsj
Jan Clemens Carlsen - cello

 

Kvartetten såg dagens lys under den spektakulære midnattssola i Lofoten i 2006. Raskt blei kammermusikkensemblet eitt av dei mest ettertrakta i Norge. Kvartetten er kjent for sine mange modige og friske tolkingar av det klassiske repertoaret. Samstundes legg dei vekt på å markere sitt skandinaviske opphav. Kvartetten har hausta internasjonal anerkjennelse, og dei har vore med på å skape gode og tette band med fleire leiande internasjonale utøvarar. Ambisjonen blir gjenspegla i svært varierte og rikhaldige konsertprogram. Engegårdkvartetten vert støtta av Norsk Kulturråd.


Sopranen Ann-Helen Moen er ein svært allsidig songar, kjent for sine musikalske tolkingar av eit breitt repertoar som spenner frå tidleg barokk til dei store romantiske komponistane og samtidsmusikk. Her i Nordfjord har ho vore fleire gonger, og denne hausten får vi òg gleda av å oppleve ho i rolla som "Diva" i Opera Nordfjord-hovudproduksjonen "Jorden rundt på 80 dager". Ho er kanskje mest kjent for sine Mozart-tolkingar, og då spesielt for si Donna Anna/Don Giovanni ved Den Norske Opera & Ballett. Saman med Liv Glaser (hammerklaver), har ho nyleg spelt inn Mozarts Lieder for SIMAX Classics. Ann-Helen opptrer jamleg med norske og danske orkester, og samarbeider med pianistar som Christian Ihle Hadland, Håvard Gimse, Liv Glaser og Ingrid Andsnes.

 

Haydn op. 76 nr. 1: Haydns Opus 76 er ei samling med seks strykekvartettar, skrive til den ungarske greven Joseph Georg von Erdődy i 1798 - omtrent samtidig som Haydn fullførte oratoriet “Skapelsen”. Kvartettane er fulle av dynamikk, referansar og spennande effektar, og dei er favorittar for både profesjonelle kvartettar og amatørar verda rundt!

 

Haydn “With Verdure Clad the Fields Appear Delightful” fra Skapelsen”: Oratoriet “Skapelsen” er eitt av Haydn sine største verk, og det blei framført mange gonger allereie i hans levetid. Inspirert av Händels oratorium forsøker han her å setje musikk til den store bibliske forteljinga om korleis verda blei til. Arien “With Verdure Clad the Fields Appear Delightful” er frå første akt, der skapinga av lys, himmel, jord, måne, sol, land, vatn og plantar blir skildra.

 

Schumann Op. 41 nr. 3: Sjølv om Schumann skreiv relativt mykje musikk i si levetid, er dei tre kvartettane i hans Opus 41 dei einaste strykekvartettane vi har etter han. Han beundra Haydn, Mozart og Beethoven og studerte deira strykekvartettar før han skreiv sine eigne - som han dediserte til Mendelsohn. I denne tredje og siste kvartetten leikar han med tema, rytmer, harmoniar og dynamikk, og flettar alle elementa saman i ein storslått finale.

 

Schumann: 6 sanger, op. 107: Temaet for denne songsyklusen er kjærleik, nærare bestemt den ikkje gjengjeldte forelskinga som fører den elskande inn i dagdraumar. Grunnstemninga er verken desperat eller melankolsk, heller håpefull og lett - songane er fulle av eventyr og fantasi. 

 

Viktig billett- og koronainformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med gjeldande smittevernreglar. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Les meir her om smittevern på arrangement i operahuset. 

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1 t 10 min, ikkje pause

 

Billettprisar inkl avg: 

Ordinær 230 kr

Student / ungdom / barn 150 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
on 25 aug 19:00 Engegårdkvartetten og Ann-Helen Moen 230 Kjøp