Ein inspirasjonskveld om val og utdanning

Jakta på superkreftene - for framtidas nordfjordingar

Ein inspirasjonskveld om val og utdanning

Onsdag 26. oktober kl 18.30-21.00

«Dersom Marco Elsafadi hadde følgd si eiga magekjensle hadde han vorte tømrar. I staden lytta han til dei han hadde tillit til, og det valet angrar han framleis på.»

 

26. oktober fyller Nordfjord Opplæringskontor, Nordfjordakademiet, Inviro og Nordfjordrådet Operahuset Nordfjord til inspirasjonskveld for føresette og ungdomsskuleelevar i Nordfjord!

 

Dette blir ein kveld der publikum får møte ulike personar frå foreldre-magasinet vårt som fortel om deira val, kva som har inspirert dei og delar erfaringar som dei har fått. Hovedgjest for kvelden er fantastiske Marco Elsafadi som vi meiner er den beste føredragsholdaren i landet når det gjeld å snakke med ungdom og føresette om val og utdanning. 

 

Vi gler oss stort, og trur dette blir eit veldig nyttig supplement for alle ungdommane som snart skal ta eit val når det gjeld utdanning.


Sett av datoen – og meld deg på ved å "kjøpe" gratisbillett i dag! Arrangementet er gratis. 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
on 26 okt 18:30 Ein inspirasjonskveld om val og utdanning Kjøp