Du og eg og vi 2-3-4

Du og eg og vi 2-3-4

Søndag 28. november kl 14.00

"Du og eg og vi 2-3-4" er ein av dei mest populære familiekonsertane i landet, med mange spennande karakterar og utfordringar! Denne artige gjengen tar med barna på eit musikalsk eventyr og ønskjer å lære alle barn i heile verda (og vaksne!) kunsten å klappe på 2 og 4!

 

Her blir vi kjent med Fru Rosenstrøm som planlegg å rane banken, Regnskyen som er tissetrengt og Rotta Ronny som er lei av kebab og drøymer om sushi dagen lang. I 2017 slapp dei albumet "Krokodille i Baksetet", og i år er dei igjen aktuelle med sitt nye album, "Balkongfest".

 

"Du og jeg og vi 2-3-4" er sett saman av stjernelaget Ellen Brekken (Hedvig Mollestad Trio, Falkevik, Tord Gustavsen trio m.fl.), Julie Falkevik Tungevåg (Falkevik, NRKs Beat for Beat-band, Erlend Ropstad, Synne Sanden, Ine Hoem m.fl.) og Elisabeth Mørland Nesset (Adam Douglas, Hanne Kolstø, Marianne Kjærsund, Frøkedal & Familien).

 

Trioen har spelt hundrevis av konsertar til strålande tilbakemeldingar og stor entusiasme hos både barn og vaksne: 

“Universet deres er faktisk ikke helt ulikt Knutsen og Ludvigsens folkekjære oppskrift: Trioen kombinerer sjangerkonversjoner fra køntri, boogie og vals med underfundig, absurd humor med ensomme regnværsskyer som tisser i ørkenen og køntrikontrabasser på fiskekroken. […] de anerkjenner og spiller på de yngre publikummets premisser.” - Embret Rognerød, Periskop

“Det er veldig fint at stadig flere musikanter tar barn på alvor med musikken sin – Du og jeg og vi 2-3-4 er et nytt strålende eksempel på det.” - Tor Hammerø


Dette er "Du og jeg og vi 2-3-4":
Ellen Brekken - vokal, kontrabass, elbass, tuba og gitar
Julie Falkevik Tungevåg - vokal, piano, keytar, trekkspel og gitar
Elisabeth Mørland Nesset - vokal, trommesett, vaskebrett, klokkespel og mandolin

 

Framsyninga passar for heile familien, særlig barn i aldersgruppa 3-10 år.

  

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand", og det er opna opp for meir enn 200 publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til 28. november. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

 

Framsyninga byrjar kl 14.00 og varer i om lag 40 minutt, ikkje pause

 

Billettprisar inkl avg: 

Ordinær 150 kr

Gruppe/familie minst 4 pers 125 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 28 nov 14:00 Du og eg og vi 2-3-4 150 Kjøp