Didrik: O helga natt 12. des

Didrik: O helga natt

Søndag 12. desember kl 19.00

Bli med når en av dei fremste songarane i landet inviterer til konsert med 100 prosent gåsehud-og julestemning-garanti. Len deg tilbake og nyt musikalske juleklassikarar framført med sjel og presisjon. Didrik byr på kjende og kjære låtar frå mellom anna Sinatra, Björling og Bublé, samt eit knippe skjellsettande songar frå eigen julekatalog.

 

«O helga natt» er ein varm og stemningsfull julekonsert som treffer publikum midt i hjartet.

  

Didrik Solli-Tangen (f. 1987) er utdanna klassisk songar ved Barrat Due musikkinstitutt i Oslo. Han fekk sitt nasjonale gjennombrot i 2010 då han vann den norske finalen i Melodi Grand Prix med låten «My Heart Is Yours». Hausten 2017 tok han andreplassen i Stjernekamp på NRK. I over ti år har Didrik si kraftfulle stemme klart å røre heile det norske folk, inkludert Hans Majestet Kongen. Hans første eigne julelåt «Det skal bli jul» har blitt A-lista på NRK P1 og han har spelt for utselde konserthus over heile landet. I 2021 er han klar for å skrive eit helt nytt kapittel.

 

«Didrik leverer patos, dynamikk og et voldsomt vokalspekter» - Dagbladet

«Solli-Tangen framfører med hjertet milevis utenpå brystet» - VG

 

Konserten byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1 t 15 min, ikkje pause

 

Billettpris 475 kr inkl avg

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 12 des 19:00 Didrik: O Helga Natt 475 Kjøp