Den store julekonserten 3. og 4. des

Den store julekonserten

Fredag 3. desember kl 19.00
Laurdag 4. desember kl 18.00

Etter suksessen med Den store julekonserten i 2019, er det ei stor glede for Opera Nordfjord å igjen kunne innby til musikalsk julestemning i Operahuset Nordfjord første helga i desember!

 

Repertoaret spenner frå svingande, amerikanske julefavorittar til kjende og kjære julesongar frå den norske musikkskatten og vakre, engelske carols.

 

Solisten vår er operasongaren Beate Mordal frå Molde, som for tida gjer stor suksess på dei franske operascenene. Ho er utdanna songar frå både NTNU i Trondheim og frå Operaakademiet ved det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. Beate er ein svært allsidig songar, som like gjerne syng jazz som lieder, musikkteater og opera. Før ho kjem til oss i desember, får vi oppleve henne som Judy i hovudproduksjonen vår til hausten, i Jorden rundt på 80 dager av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk.

 

Som tonefølgje kan vi by på vårt profesjonelle operaorkester og eit samansett operakor frå heile distriktet, leia av dirigent og kunstnarisk leiar i Opera Nordfjord, Michael Pavelich.

 

Billettsalet skjer utan automatisk "koronaavstand" og utan restriksjonar på antal publikummarar. Vi håpar at dette er realiteten når vi kjem til desember. Billettkjøparane blir kontakta om det blir restriksjonar som får konsekvensar for plassering i sal, antal osv.

 

Kvar konsert varer i om lag 2 t 10 min  inkl. pause.

 

Billettprisar inkl avg: 
Ordinær 450 kr

Ungdom/student 350 kr

Barn 250 kr

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no.