Dagfinn Lyngbø 28. april

Stand Up Norge AS presenterer:

 

Dagfinn Lyngbø - Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars

Fredag 28. april kl. 19.00

Norges mest kritikarroste og mestseljande komikar, Dagfinn Lyngbø, er endeleg tilbake med ei rein standupframsyning! Og endeleg kjem han til Operahuset Nordfjord!

Vi skal til Mars, og dette er ikkje noko Dagfinn Lyngbø har funne på. NASA seier det.
Og det er ikkje så lenge til heller. Og det kan bli stress.

Men kvifor det?
Har vi brukt opp jordkloden? Tar robotane over?

 

Dette er viktig å snakke om. Kven skal vi sende først? Kva slags språk skal vi snakke der? Tar vi med homeopatar? Skal vi ha høgre- eller venstrekøyring? Eller midt i, sånn som i Thailand?
Er det fotballcup i helga? Er det korpsseminar samtidig? Skal vi befolke ein annan planet? Og kjem svigermor på besøk?
I ei tid der alt kjem i tidsklemma er det viktig å planlegge.
Det er på høg tid å gå gjennom nokon generelle «Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars».

 

Dagfinn Lyngbø har hatt kjempesuksess med framsyningane «Ka e’ vitsen?» (2005), «Evolusjon» (2008), «Stereo» (2012) og «Supersmud» (2017), som til saman selde om lag 500.000 billettar og har mottatt ikkje mindre enn åtte Komiprisar, noko som understrekar posisjonen som landets mest populære komikar.

 

«Spastiske sprell! Dagfinn Lyngbø har publikum i sin hule hånd» - Bergens Tidende

«Lo så det dugget fra munnbindene! Det Lyngbø driver med på scenen er i en galakse for seg selv» - Bergensavisen

 

Gle dykk til ein festkveld som kjem til å nå nye høgder – av og med sjølvaste DAGFINN LYNGBØ!

 

Framsyninga byrjar kl 19.00 og varer i om lag 1 t 15 min, ikkje pause

 

Billettprisar inkl. avg.:

Ordinær 570 kr

Gruppe 10+ 555 kr

Student 505 kr (må vise studentbevis)

 

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 28 apr 19:00 Dagfinn Lyngbø 570 Kjøp