Cirkus Cirkör: «Bloom»

Laurdag 5. mars kl 18.00

I denne familieframsyninga inviterer Cirkus Cirkör til ei verd full av akrobatikk, trapes, blomar, klassisk musikk og venskap! Ensemblet er sett saman av fem internasjonale multitalent som vil gjere verda til ein lukkelegare stad ved å kombinere glede, frykt og risiko med grundige førebuingar.


Kvardagen vår er full av stress og frykt. Vi kjenner oss pressa til å ikkje stikke oss ut, og eitkvart forsøk på å vere annleis blir sett på som det første steget mot å mislukkast. Vi eig fleire gjenstandar enn nokon ting og vi ser perfekte ut på alle bilete, men gjer det oss verkeleg lukkelege?


I Bloom omfamnar artistane krava og angsten i kvardagen. Med kreativitet og sirkuskunster blir dei negative kjenslene avvæpna, og frykta blir til poesi.


Målet til Cirkus Cirkör er å imponere publikum med ekstreme prestasjonar, få oss til å både le og overraskande gispe etter luft, for deretter å nyte det å kunne puste letta ut.


Når artistane flyg gjennom lufta, hoppar springbrett, svingar seg i trapesar og tau, løfter kvarandre, utfører akrobatikk og heng i tennene, viser dei oss sirkuset si sjel: Du behøver ikkje tilpasse deg normen. Du skal vere like unik som du kjenner deg.

 

«Let yourself Bloom»

 


Artistar: Ben Collis, Elisabeth Künkele, Felix Greif, Philomène Perrenoud og Sofia Mendez
Kreativt team: Carlos Ferrer (lysdesign), Julien Auger (regi, konsept, scenografi og lyddesign), Sade Kamppila (regi, konsept, scenografi og kostymedesign).
Bloom er eit samarbeid mellom Cirkus Cirkör, Stora Teatern, Cirkus i Väst, Nycirkus Öst och Södra Teatern.


Operahuset Nordfjord samarbeider med Fjordane folkehøgskule om arrangementet.

 

Familieframsyninga passar for alle, også barn frå fire år og oppover.

 

Framsyninga varer i om lag ein time, ikkje pause.

 

Billettprisar inkl. avgift:
Ordinær 250 kr
Barn 150 kr
Ungdom/student 150 kr
Gruppe på minst 4 personar 150 kr per stk

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 05 mar 18:00 Cirkus Cirkör: Bloom 250/150 Kjøp