Christmas with Nordic Tenors

Christmas with Nordic Tenors

Søndag 10. desember kl. 18.00

Når nettene blir lange og vinterfrosten legg eit rima slør over mørkelandet, er det lite som varmar som tonane frå dei tre høgt elska tenorane i Nordic Tenors og deira virtuose pianist Torgeir Koppang.


For attande året skapar tenortrioen ei førjulsstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygt på høgtid og tradisjon, ein julekonsert som garantert vil setje deg i den gode julestemninga.


Framsyninga er ikkje berre ei fryd for øyret, men også for auget, då de har med seg Andreas Ohldieck, ei av dei gryande stjernene på den stadig veksande himmelen av norske videokunstnarar.


Nordic Tenors består av tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak.


Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastarar, opna den nye operaen i Oslo og har vunne publikum sine hjarte over heile landet.

 

Konserten varer i om lag 1 t 20 min, ikkje pause

 

Billettpris 575 kr inkl avg

 

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 10 des 18:00 Christmas with Nordic Tenors 575 Kjøp