Flygelkonsert Christian Grøvlen

Flygelkonsert Christian Grøvlen

Torsdag 10. november kl 20.00

På denne konserten får publikum oppleve rykande fersk musikk komponert av Wolfgang Plagge. Sonaten In Arduis - som betyr «I utfordrende tider» - vart skrive på bestilling av KODE Kunstmuseer og Komponisthjem i koronatida. I lys av den politiske uroa i Europa har stykket fått ein endå djupare dimensjon. Denne musikken reflekterer rundt tida vi lever i akkurat no.

 

Etter In Arduis kjem eitt av høgdepunkta i romantisk pianomusikk, nemleg Franz Liszt sin mektige h-moll sonate. Store kjensler, uendeleg vakre melodiar, virtuose heksekunstar og djup poesi kjenneteiknar denne musikken.

 

PROGRAM: 

 

Wolfgang Plagge
In Arduis
Poetico
Scherzo
Variasjoner
Finale

 

Franz Liszt
Sonate i h-moll

 

Alt blir framført på det unike Fazioli-flygelet til operahuset. 

 

Pianisten og komponisten Christian Grøvlen har motteke Leonie Sonning talentpris, Robert Levin prisen og Statens kunstnerstipend. Han er utdanna ved Norges Musikkhøgskole, Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København og Universität für Musik und darstellende Kunst Wien. I 2019 debuterte pianisten med Kringkastingsorkesteret, året etter med Operaens orkester, og han har gjeve ut to album.

 

Grøvlen er òg direktør for musikk og komponistheimane i KODE i Bergen. Han byrja å spele piano som femåring, og hadde allereie som 16-åring sin første konsert på Troldhaugen.

 

www.christiangrovlen.com 

 

Publikum sit på scena under konserten. Billettane er unummererte.

 

Konserten varer i om lag ein time, ikkje pause.

 

Billettprisar inkl avg:
Ordinær 250 kr
Barn/ungdom/student 150 kr

 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
to 10 nov 20:00 Flygelkonsert Christian Grøvlen 250/150 Kjøp