Brassfest 12. mars

BRASSFEST i operahuset

Laurdag 12. mars kl 16.00

Sjølvaste Eikanger-Bjørsvik musikklag tek turen frå Nordhordland til Nordfjord, for å halde konsert på BRASSFEST i regi av Kjølsdalen musikklag. Og frå ytst ved havet kjem Torskangerpoll musikklag inn fjorden. Arrangørkorpset spelar også på konserten, og publikum blir servert smakebitar frå skulekorpsseminar tidlegare på dagen.


Eikanger-Bjørsvik musikklag får sjølvsagt desidert mest speletid på konserten. Korpset har i ei årrekkje vore eitt av dei leiande brassbanda i Europa. Stor spennvidde i repertoaret framført med høg musikalsk kvalitet har gjort ensemblet kjend langt utover landegrensene.

 

Ekstra stas er det at Jon-Vegar Sole Sundal frå Kjølsdalen er esskornettist i Eikanger-Bjørsvik musikklag. Den fabelaktige musikaren starta karrieren sin nettopp i Kjølsdalen skulemusikk og Kjølsdalen musikklag. Når han er i heimbygda, spelar han gjerne i korpset, om det er 17. mai, kyrkjespeling eller små og store konsertar. Kjølsdalingane er med rette svært glade i, stolte av og imponerte over Jon-Vegar.


Brassfesten i 2015 var stor suksess, også då med Eikanger-Bjørsvik musikklag som hovudattraksjon, og med Reid Gilje som dirigent. Han er korpset sin faste dirigent, og har ein allsidig bakgrunn som musikar, instruktør, komponist, arrangør og dirigent. Reid og korpset skal også ha seminar for skulekorpsmusikantar tidlegare på dagen. 

 

Kafé i foajeen før konserten og i pausen. 

 

Hjarteleg velkomne til ein flott underhaldningskonsert med musikk i verdsklasse!

 

Konsertprogram:
Torskangerpoll musikklag
Skulekorpsseminardeltakarar
Kjølsdalen musikklag
Pause med kafe
Eikanger-Bjørsvik musikklag


Konserten varer i om lag 2,5 time inkludert pause med kafé


Billettprisar inkl. avg:
Ordinær 250 kr
Barn til og med 14 år 50 kr

Skulekorpsmusikantar 50 kr 

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
lau 12 mar 16:00 BRASSFEST i operahuset 250/50 Kjøp