Riksteatret: Bølgebrus

Bølgebrus

Måndag 17. april kl 17.30 - utandørs!

Ta med barna på eit teatereventyr ute i naturen, og bli med på jakta etter alt det hemmelege i havet!

 

Bølgebrus er ein genistrek av ei framsyning for dei minste. Ei interaktiv teateroppleving der barna får undre seg over havets mysterium på reise gjennom den magiske havparken.

 

På vegen møter du ein symjande sildestim før du blir virvla vidare gjennom dansande sjøgras. Ein svolten hai dukkar opp. Pass deg! Ei ny bølgje fører deg heldigvis vidare. Men vent litt. Kva er det glitrande som stikk opp frå sanden?

 

Bølgebrus blei første gong produsert av Hålogaland Teater og Katma til Festspillene i Nord-Norge i 2021. Med Riksteatret får barn i heile landet moglegheit til å oppleve denne perla av ei framsyning i sitt eige nærmiljø.

 

 «Teater på sitt aller beste! (…) Skuespillerne evner å ta barna på alvor» iHarstad, terningkast 5

«En forestilling der fakta om livet i havet er grunnlag for undring, spenning, lek og utforskning» Nordlys, terningkast 5

 

Regi og konsept Katrine Strøm. Scenograf Jósef Halldórsson. Kostymedesignar Ann-Jorunn Pedersen. Komponist Tore Bruvoll. Lyddesignar Jim-Oddvar Hansen. Dramaturg Lina Synnøve Killingdalen. Produsent Riksteatret Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Katma og Hålogaland Teater. 

 

Passar for barn frå 3 år.

Framsyninga skjer utandørs, kle dykk etter vêret

 

Framsyninga varer i om lag 45 minutt. 

 

Avgrensa antal billettar. 

 

Billettpris 100 kr for born.
Vaksne må følgje bornet/borna og treng ikkje kjøpe billett

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
må 17 apr 17:30 Riksteatret: Bølgebrus Kjøp