Bjørn Eidsvåg med band
Fredag 17. november kl. 19.00
Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er en artist fleire generasjonar nordmenn har eit sterkt forhold til. I vinter var han å sjå i «Hver gang vi møtes» på TV2, der programmet hans hadde sjåarrekord og blei den mest sette episoden i programmets historie.
I haust tar den folkekjære artisten med seg bandet sitt på turné, der publikum vil få både kjende og kjære låtar, og kanskje ein liveversjon eller to frå «Hver gang vi møtes». Sidan premieren på programmet har flere av Bjørn sine tolkingar entra topplista over dei mest populære låtane på Spotify i Norge. Samtidig har fleire av dei andre artistane sine tolkingar av Bjørns låtar tatt Norge med storm. I fleire veker låg Emma Steinbakken sin versjon av «Floden» på 1. plass og Isah og Maria Mena sin «Alt du vil ha» på 2. plass.
No ser Bjørn fram til å møte publikum og legg ut på turné med bandet sitt.
"2023 er eit utfordrande år. Det ligg ei mørk sky over Europa. Høge straumprisar og høgare renter kjennest truande for mange. Men vi legg oss ikkje ned, vi gjer det vi kan for å løfte opp håp og kjærleik. Vi har tru på gode møte og fine opplevingar. Og vi har tru på evna som forteljingane og musikken har til å løfte oss opp. Vi bidreg med vår vesle skjerv og legg ut på turné igjen. Vi får nok ikkje stoppa krigen eller senka straumprisane og renta, men vi vil gjerne spreie håp og glede", fortel Bjørn.
Sjølv etter ei lang og solid karriere er Bjørn stadig aktuell og evnar å fornye musikkuttrykket sitt. Bakgrunnen som prest og frå arbeid i psykiatrien har i stor grad påverka låtane, men også evna til å formidle dei. Svært mange nordmenn har eit nært forhold til låtar som «Eg Ser» og «Skyfri himmel». Dei nære og såre temaa gjenspeglar seg også i Bjørn sine konserter gjennom personlege historier som ber preg av både alvor og humor. Han har ei unik evne til å kome tett på publikummet sitt, og det er i møte med publikum musikken og historiene får skine som mest og leve vidare i nye former.
Konserten varer i om lag 1,5 time, ikkje pause
Billettpris 525 kr inkl. avg.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.