Afternoon Tea

AFTERNOON TEA før Stormfulle høyder

Søndag 19. februar kl 17.30 

Velkomen til Afternoon Tea i samband med Riksteatret-framsyninga Stormfulle høyder!


Ein delikat og rikhaldig buffet frå Sjøkanten cafe ventar deg, med velsmakande søte og salte klassikarar som makronar, sandwich, minimuffins, smørbrød, minitartelette, små kaker, scones, minidoughnuts, lokal eplejuice og sjølvsagt te. Operahusbaren er også open. 

 

Hertuginna ved foajeen blir omgjort til selskapslokale. Kvite dukar, blomar, lys og pynt skapar saman med nydeleg mat ei kjensle av klassisk britisk selskapstradisjon. 

 

Afternoon Tea er eit omgrep som har røter heilt tilbake til 1840 da hertuginna av Bedford følte seg litt svolta før middag. Det er opphavleg eit overklassefenomen, men seinare omfamna av alle lag av folket. Hovudrolla i måltidet tilhøyrer sjølvsagt teen, men viktige roller vert også spelt av ulike typar sandwich, scones og småkaker.


NB! Bestillingsfrist tysdag 7. februar kl 22.00.

Avgrensa antal billettar – først til mølla!

 

Pris 350 kroner

 

Husk å kjøpe billett(ar) til teaterframsyninga kl 19.00 i tillegg! Kjøp her.

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 19 feb 17:30 Afternoon Tea Kjøp