Nøtteknekkaren
Ballettskulen i Ørsta og Volda og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda set opp den kjende og kjære balletten Nøtteknekkaren.
Billettsalet startar onsdag 8. november kl. 16.00
Nøtteknekkaren vert dansa på mange scener kvart år. Historia er kjend, Clara og familien inviterer til juleselskap, der får ein gåver og ein dansar.
Ein magikar er også leigd inn.
Nøtteknekkaren som Clara fekk vert levande og Clara og han dansar ilag. Ved midnatt dukkar musene i slottet opp og tinnsoldatane vert levande. Det blir ein fæl kamp. Nøtteknekkaren vert skada, men overlever.
Clara sovnar framfor juletreet og drøymer ho har kome til sukkertylandet. Der er det vakre dansarar frå ulike land og ein prins som dansar med den yndige sukkerféen.
Clara vaknar og fortumla skjønar ho at det heile var ein draum.
Koreograf: Analu Zidko
Dirigent: Michael Pavelich
Lyssettar: Ovar Holmen
Clara: Anna Nerland Halkjelsvik
Sukkerféen: Maya Gravdal
Prinsen: Fabian Renè Volden
Magikar: Ingvil Myklebust Hunnes
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Lau. 27.01 Kl. 16.00
Kjøp billettSøn. 28.01 Kl. 15.00
Kjøp billettLengde: 2 t 0 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 430,-
Student / ungdom / barn 220,-
