Venom: Let There Be Carnage
Korona-oppdatering etter 15. desember:
- Det er påbode med munnbind og dette må du ta med sjølv. I kinosalen har du lov å ta det av når du har sett deg ned i setet ditt, fordi det der ligg inne ein meter avstand (to tome sete) mellom billettkjøparane.
- Born under 12 år treng ikkje bruke munnbind, heller ikkje dei som av medisinske årsaker eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
- Maks 50 personar i salen.
- Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitte saman, alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar.
- Grunna smittesporing må du sitte i akkurat det setet/seta du har kjøpt. Kjøper du billett til andre og/eller fleire, må du kunne oppgje namn og kontaktinfo på vedkomande / alle, samt vite nøyaktig kven som sat i kva slags sete.
- Viss du er sjuk eller har symptom, held du deg sjølvsagt heime.
Sjå også oppdatert informasjon på korona-sidene våre.
Dei kallar seg «Den dødelige beskytteren», og Venom, som har fått lov av Eddie til å bite hovudet av skurkar, gnaskar ugjerningsmenn i jakta på rettferd...
Eddie si karriere blir redda då han får det siste intervjuet med seriemordaren Cletus Kasady. Men då han blir vert for symbioten Carnage, klarer han å rømme. For å stoppe Carnage må Eddie og Venom finne ein måte å få forholdet sitt til å fungere på. Den konstante kranglinga eskalerar i ein voldsom manisk kamp, medan dei prøver å finne ut kven som kastar kven ut av leiligheita og kroppen dei delar.
Lengde: 1t 30min