Tove

Den fantastiske historia om Tove Jansson, skaparen av Mummitrollet.

 

Helsinki, 1945. Krigen er over og kunstnaren Tove Jansson er fylt med ei kjensle av fridom både i kunsten og i det sosiale livet. Moderne kunst, ville festar og eit ope forhold til den gifte politikaren Atos Wirtanen - det ukonvensjonelle livet hennar og forskjellige politiske meininger set Tove på spissen med dei strenge bilethuggar-ideala hennar. Men Tove si lengt etter fridom blir testa då ho møter teatersjef Vivica Bandler. Kjærleiken hennar til Vivica er elektrisk og altomfattande, men Tove startar å innsjå at kjærleiken ho verkeleg lengtar etter, må besvarast.

Medan ho slit med privatlivet sitt, tek den kreative innsatsen henne i ein uventa retning. Ho drøymer om å bli ein berømt kunstnar, men sideprosjektet som begynte som ei melankolsk og framtredande historie i eit bomberom begynner å ta meir og meir av og leve sitt eige liv. Inspirert av eige liv og forhold skapar ho den fortryllande verda til Mummitrollet, og når historiane blir spreidde over heile verda gjev dei berømming og rikdom til skaperen sin. I bøker, skodespel og daglege teikneserier i den internasjonale avisa Evening News skapast historier som framleis over heile verda gjer folk lukkelege den dag i dag.

 

Når Tove begynner å finne sin kunstnariske identitet, må ho også lære å finne seg sjølve. Kjærleiken hennar til Vivica er eit hinder for hennar sanne fridom, og berre ved å bryte med Vivica kan hun verkeleg bli fri. TOVE er eit engasjerande drama om ein ikonisk kunstnar sin kreative energi og hennar turbulente jakt på identitet, begjær og fridom.

 

TOVE er Finland sitt offisielle Oscarsbidrag.

«Et svært vellykket portrett av en person som går sine egne veier. En åpenbaring for alle.» - Dagsavisen, terningkast 5

 

 

Lengde: 1t 55min

Aldersgrense med begrunnelse: Tillatt for alle
Denne filmen inneholder ingen scener som antas å være skadelig for de yngste barna. Filmen får derfor aldersgrense tillatt for alle.

 

Premiere: 16.04.2021
Skodespelarar: Alma Pöysti, Krista Kosonen, Shanti Roney, Joanna Haartti, Kajsa Ernst,Robert Enckell,Jakob Öhrman, Eeva Putro
Sjanger: Drama / Biografi
Regi: Zaida Bergroth
Nasjonalitet: Sverige / Finland
Språk: engelsk/finsk/fransk/svensk
Produksjonsår: 2020
Distributør: Another World Entertainment

 

 

Oppdatering gjeldande frå og med 27. mai, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:

 

• Inntil 200 publikummarar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

 

• Publikum vert av regjeringa oppmoda til å vere forsiktige og planlegge deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med mykje smitte.

 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
sø 20 jun 19:30 Tove 100/80 Alle Kjøp