Tom & Jerry

Tom & Jerry

Ein av dei mest elska rivaliseringane i historia gjenoppstår då Jerry flyttar inn på det finaste hotellet i New York City like før "århundrets bryllaup", og den desperate bryllaupsarrangøren hyrer Tom for å bli kvitt han.

 

Den påfølgande katt-og-mus-kampen trugar med å øydelegge karrieren hennar, bryllaupet og mogleg også sjølve hotellet, men dei har eit endå større problem: ein djevelsk ambisiøs medarbeidar som øydelegg for dei alle tre!

 

Tom og Jerry sitt nye store eventyr på lerretet baner ny veg for dei ikoniske karakterane vi kjenner så godt, og tvingar dei til å gjere det utenkelege - samarbeide for å redde dagen! 

 

Filmen er en blanding av klassisk animasjon og live action.

 

 

Lengde: 1t 41min

Aldersgrense med begrunning: Tillatt for alle
Denne filmen inneholder enkelte litt skumle scener, men da disse foregår i en humoristisk og trygg ramme blir den tillatt for alle.

 

 

Premiere: 04.06.2021
Originaltittel: Tom & Jerry
Norske stemmerMathilde Storm, Hans Marius Hoff Mittet, Samsaya Sampda Sharma, Kristoffer Olsen, Nicolay Lange-Nielsen, Benedicte Søreng, Jakob Schøyen Andersen, Simon Andersen , Preben Olram, Jan Martin Johnsen, Victor Sotberg, Morten Bergheim
Sjanger: Eventyr / Animasjon / Komedie
Regi: Tim Story
Nasjonalitet: USA
Språk: norsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: SF Norge

 

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.