The Unbearable Weight of Massive Talent

The Unbearable Weight of Massive Talent

Nicolas Cage spelar Nick Cage i den nye action-komedien ”The Unbearable Weight of Massive Talent.”

 

Utan kreative utfordringar og nesten personlig konkurs, må denne fiktive versjonen av Nicolas Cage seie ja til eit noko annleis jobbtilbod. For ein million dollar skal han stille som æresgjest i bursdagsfesten til sin eigen superfan, den superrike Javi (Pedro Pascal) på Mallorca. Det han ikkje veit er at Javi ikkje berre er ein superfan med sitt eige Nicolas Cage-museum, men han er også ein av verdas farligaste våpensmuglarar. Ting tek ei vill og uventa vending då han blir kontakta av ein CIA-agent (Tiffany Haddish). Cage blir tvungen til å leve opp til si eiga legende og bringe sine mest ikoniske og elska filmkarakterar til live for å kunne redde både seg sjølv og familien sin.

 

Ei over 40 år lang karriere har førebudd han akkurat til denne augneblinken, der den legendariske og Oscarvinnande skodespelaren må ikle seg sitt livs rolle: rollen som Nicolas Cage.

 

Lengde: 1t 47min

Aldersgrense med begrunning: 12 år
Denne filmen inneholder scener med draps- og voldsskildringer. Da disse ikke er nærgående, og foregår i en tydelig humoristisk ramme, får filmen aldersgrense 12 år.
Premiere: 29.04.2022
Sjanger: Action / Komedie
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Distributør: Nordisk Film Distribusjon