The Suicide Squad

Superskurkane Harley Quinn, Bloodsport, Peacemaker, og ein gjeng med andre supergærne kriminelle ved Belle Reve fengsel, joiner topphemmelege og småshady Task Force X. Dei blir så droppa av på den avsidesliggande øya Corto Maltese, som er smekkfull av fiendar.

 

 

Billettsalet startar fredag 23. juli. 

 

 

Premiere: 06.08.2021
Skodespelarar: Margot Robbie, Idris Elba, John Cena
Sjanger: Action / Eventyr / Komedie
Regi: James Gunn
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: SF Norge
 
 
 

Viktig billettinformasjon: 

Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.


Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.