Teddybjørnens jul
Inspirert av Alf Prøysen si «Teddybjørnens vise» kjem ein morosam og sjarmerande julefilm for heile familien!
Julefreden er i ferd med å senke seg over den vesle byen, men på den lokale julemarknaden er det framleis eit yrande liv. Mariann er ute for å gjere eit siste ærend då ho får auge på ein teddybjørn på øvste hylla i lykkeboda. Augene deira møtest, og Mariann er heilt sikker på at ho ser ein bevegelse. Er han levande? Ja! Det er ho bombesikker på! Mariann må få tak i teddybjørnen, koste kva det koste vil! Teddy, derimot, drøymer om ein rik eigar som kan ta han med ut i den store verda. Møtet mellom Mariann og Teddy blir starten på ei overraskande og eventyrleg reise.
Årets store norske julefilm «Teddybjørnens jul» er laga av Fantefilm, som tidlegare har produsert publikumsfavorittar som «Snekker Andersen og julenissen» og «Den vesle bygda som glømte at det var jul».
Lengde: 1t 20min