Storm på Stad
Storm på Stad

Storm på Stad

Nokon vil ha det medan andre ikkje vil sjå det. Uansett er 1. januar 2022 fristen vindkraftverket har for å kunne motta 15 år med subsidiar frå staten i form av grøne pengar. Då dei set spaden i jorda på Vestkapp har dei inga tid å miste. Kvinner frå Selje og ein plagsom lærar frå Stadlandet må ikkje få bremse framdrifta på prosjektet verd fleire hundre millionar kroner. 

 

Dette er forteljinga om vindkraft på Stad, eit fjellplatå som har stått urørt sidan istida. 

 

Helge Hundeide sin dokumentar viser historia om vindkraftprosjektet på Stadlandet. Filmen får premiere i januar 2023, men blir vist som førpremiere på Stad kino torsdag 24. november. 

 

Lengde: 1t 16min

Sjanger: Dokumentar 
Nasjonalitet: Norge
Distributør: Uavhengig distribusjon