Snødronningen

Snødronningen

Korona-oppdatering etter 15. desember:

- Det er påbode med munnbind og dette må du ta med sjølv. I kinosalen har du lov å ta det av når du har sett deg ned i setet ditt, fordi det der ligg inne ein meter avstand (to tome sete) mellom billettkjøparane.

- Born under 12 år treng ikkje bruke munnbind, heller ikkje dei som av medisinske årsaker eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
- Maks 50 personar i salen. 
- Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitte saman, alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar.

- Grunna smittesporing må du sitte i akkurat det setet/seta du har kjøpt. Kjøper du billett til andre og/eller fleire, må du kunne oppgje namn og kontaktinfo på vedkomande / alle, samt vite nøyaktig kven som sat i kva slags sete. 
- Viss du er sjuk eller har symptom, held du deg sjølvsagt heime.

 

Sjå også oppdatert informasjon på korona-sidene våre. 

 

 

Ein nydeleg film basert på H.C. Andersen sitt kjende eventyr! 

 

Den kalde Snødronningen har eit ynskje om å endre verda og gjere den til ein kaldare stad. I denne nye verda skal klare linjer og fornuft erstatte kjensler og ufornuft. Ved hjelp av nordavinden, som gjer sjela til menneska kalde, prøvar Snødronningen å finne og øydelegge alle kunstnarar og arvingane deira. I følgje spådomen er den siste trusselen mot dei onde planane hennar speglmakaren Vegard og borna hans. Dei har ein spegel som ikkje berre reflekterar utsjånad, men også korleis sjela ser ut. Om Snødronningen klarer å fange borna er alt håp ute, og den evige vinteren vil legge seg både over landskapet og over hjarta til folket. 

 

Kulde kan fryse ditt hjarte, kjærleik kan sette deg fri!

 

 

Lengde: 1t 16min

Aldersgrense med begrunning: 6 år
Denne filmen inneholder dramatiske scener med nifse skikkelser og situasjoner, som kan virke urovekkende på de yngste barna. Filmen får derfor aldersgrense 6 år.

 

Premiere: 25.12.2021
Sjanger: Animasjon / Familiefilm / Barnefilm
Nasjonalitet: Norge / Russland
Språk: norsk
Distributør: Manymore AS