Shazam! Fury of the Gods

Shazam! Fury of the Gods

"Shazam! Fury of the Gods" er fortsettelsen på historia om tenåringen Billy Batson, som forvandlast til sitt superhelt-alter ego Shazam ved å seie nettopp... SHAZAM!

 

Med krefter gjeve frå gudane må Billy og resten av fosterbarna i gjengen lære seg korleis dei sjonglerar tenåringslivet med det å ha vaksne superheltversjonar av seg sjølv. Då Atlas sine døtre, ein hevngjerrig gudetrio, kjem til jorda på leiting etter magien som blei stjåle frå dei for lenge sidan, kastast Billy og familien hans inn i ein kamp for kreftene sine, livet, og heile verda si skjebne.

 

Filmen er regissert av svenske David F. Sandberg, og i hovudrollane finn vi igjen Zachary Levi, Asher Angel, Jack Dylan Grazer og Adam Brody, medan nye navn som Helen Mirren, Lucy Liu og Rachel Zegler også dukkar opp.

 

Lengde: 2t 10min

Aldersgrense: Merk at aldersgrensa på denne filmen er endra av Medietilsynet, frå 9 år til 12 års aldersgrense

Premiere: 17.03.2023
Sjanger: Action / Eventyr / Komedie / Superheltfilm
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Warner Bros