Scream

Scream

Gjeldande korona-reglar per 14. januar:

 - Det er påbud om munnbind der du ikkje kan halde 1 meters avstand til andre, og munnbindet må du ta med sjølv! Kom gjerne tidleg til kinoen for å unngå trengsel og kø. Kinokiosken opnar 30 min før filmen startar.

 

 - Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje medan ein et eller drikk sitjande, og heller ikkje for barn under 12 år eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke det. 

 

 - Grunna smittesporing må du sitte i akkurat det setet/seta du har kjøpt. Kjøper du billett til andre og/eller fleire, må du kunne oppgje namn og kontaktinfo på alle, samt vite nøyaktig kven som sat i kva slags sete. Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitte saman, alle andre skal kjøpe enkeltbillettar. 

 

 - Hald deg heime og test deg dersom du har symptom eller om du har blitt sjuk. 

 

Sjå også informasjon på korona-sidene våre. 

 

 

25 år etter at ein serie med brutale mord sjokkerte den rolige småbyen Woodsboro, har ein ny mordar funne fram Ghostface-maska. Mordaren har peika seg ut ei gruppe tenåringar for å vekke til live hemmelegheiter frå byen si dødelege fortid.

 

Neve Campbell, Courteney Cox og David Arquette returnerer som sine ikoniske rollefigurar i SCREAM, saman med Melissa Barrera, Kyle Gallner, Mason Gooding, Mikey Madison, Dylan Minnette, Jenna Ortega, Jack Quaid, Marley Shelton, Jasmin Savoy Brown og Sonia Ammar.

 

 

Aldersgrense med begrunning: 15 år
Flere angstskapende scener og nærgående og blodige draps- og voldsskildringer, gjør at denne filmen får aldersgrense 15 år.
 
Premiere: 14.01.2022
Sjanger: Thriller / Horror
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Distributør: SF Norge