Reset

Reset

Etter over eitt år med dramatiske endringar og konstant distansering tek RESET kinopublikum verda over med på ei gjenoppdagingsreise til unge menneske som har bestemt seg for å gje livet ei større meining. Vi bevegar oss frå polarsirkelen til kvite sandstrender i Fransk Polynesia, og møter karismatiske og inspirerande historieforteljarar som alle delar ein lidenskap for og eit liv dedikert til utandørs actionsport og respekt for naturen.

 

Regissør Thierry Donard har over 30 års erfaring innan filmbransjen og har spesialisert seg på å dokumentere actionsport. Dokumentaren Reset er delvis filma i Noreg, meir spesifikt i Balestrand, Lyngen, Senja og Okshornan. Nikolai Schirmer og Krister Kopala tek oss med på ski i nordlege strøk, medan eventyrarar frå New Zealand gjev oss ein luftig tur rundt Balestrand i speed flyer.

 

Reset er filma for og opplevast aller best på det store lerretet, og formidlar ein bodskap om positivitet, omtenksomheit og kontakt med våre likemenn. Denne etterlengta ferske starten gjev oss eit nytt blikk på verda som vi kjenner den.

 

 

Lengde: 1t 25min 

Aldersgrense med begrunning: Tillatt for alle
Denne filmen inneholder ingen scener som antas å virke skadelig på barn. Den blir derfor tillatt for alle.

 

Premiere: 09.07.2021
Medverkande: Davide Carrera, Krister Kopala, Nikolai Schirmer, Jamie Lee, Malachi Templeton, Matahi Drollet, Vahine Fierro, Lorenzo Avvenenti, Tikanui Smith
Sjanger: Dokumentar
Regi: Thierry Donard
Nasjonalitet: Frankrike
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: Live Kino
 
 
 

Viktig billettinformasjon: 

Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

 

Treng du skyss?

Er du under 19 år og treng skyss til og frå kinoen? Meld deg på transport med Stadbussen i dette skjemaet her
Påmeldingsfrist søndag kl. 14:30.
 
Personar over 19 år kan få skyss dersom det er ledig plass, send e-post til post@selje.frivilligsentral.no før søndag 15:00 og sjekk om det er ledige plassar!
 
Kr. 20,- i eigenandel.
 
Avreisetider:
17:15 Ervik
17:30 korsen
17:40 Sandvika
17:55 Selje
18:30 Flatraket
19:00 Bryggja
19:40 Operahuset
21:30 Retur