Promising Young Woman

Promising Young Woman

Cassandra Thomas (Carey Mulligan) var ein pliktoppfyllande medisinstudent med ei lysande framtid, heilt til ei mystisk hending sette ein stoppar for alt. Ei hending som etterlot henne hevntørstig. No lever Cassie eit dobbeltliv, der ho om natta søkjer kontakt med framande menn - for å konfrontere dei. Etter ei rekkje tilfeldige møter, støter ho på ein gammal kjenning som omsider kan gje henne moglegheita til å ta eit oppgjer med fortida.

 

Promising Young Woman er ei krysning mellom ein thriller og ei svart komedie, og hovudrolleinnehavar Carey Mulligan er nådelaus og ustoppeleg i Emerald Fennell sin regidebut. Filmen hadde verdspremiere på Sundance Film Festival i januar 2020 og hausta gode kritikkar for å vere modig og provoserande i ei tid der kvinner sitt samtykke er eit hyperaktuelt tema.

 

 

"A fresh, totally wild, revenge thriller with bite" - Indiewire

 

"Mulligan has never been better, fulfilling her initial promise as a young actor and then some." - Guardian

"It's jolting to witness how it refuses to let anyone off the hook." - Hollywood Reporter

"So razor sharp you'll have to check yourself for wounds" - Collider

 

 

 

Lengde: 1t 54min

Aldersgrense med begrunning: 15 år
Denne filmen har en urovekkende og utrygg stemning. Den inneholder scener som viser opptakt til seksuelle overgrep og en nærgående drapsskildring. Filmen får derfor 15 års aldersgrense.

 

Premiere: 21.05.2021
Skodespelarar: Carey Mulligan, Laverne Cox, Bo Burnham, Alison Brie, Molly Shannon
Sjanger: Drama / Thriller / Sort komedie
Regi: Emerald Fennell
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2020
Distributør: United International Pictures

 

 

 

Oppdatering gjeldande frå og med 27. mai, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:

 

• Inntil 200 publikummarar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

• Publikum vert av regjeringa oppmoda til å vere forsiktige og planlegge deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med mykje smitte.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.