Munch

«Munch» er storfilmen om ein av verdas største kunstnarar gjennom tidene. Ved å skildre fire definerande periodar i Edvard Munch sitt liv, gjev filmen eit intimt innblikk i eit særeige og unikt kunstnarsinn.

 

«Munch» fortel historia om den unge Edvard Munch si fyrste forelsking i ei gift kvinne, og vidare om nederlaget som kunstner etter at den fyrste utstillinga hans i Berlin blir refusert og avvist. Filmen skildrar også Munch sin dramatiske innleggelse på nerveklinikk i København, der han tvingast til å ta det største og mest avgjerande valet i livet sitt, før han i livet sin siste fase kjempa ein hard kamp for å redde si kunstnariske arv frå nazistane under krigen.

 

Alfred Ekker Strande, Mattis Herman Nyquist, Ola G. Furuseth og Anne Krigsvoll gjer kvar sin tolking av Edvard Munch i ulike delar av livet hans. I dei øvrige rollane finn vi eit stjernelag beståande av Anders Baasmo, Jesper Christensen, Lisa Carlehed, Ida Elise Broch, Nader Khademi, Arthur Berning, Per Frisch, Gjertrud Jynge, Dennis Storhøi, Thea Lambrechts Vaulen og Hildegun Riise.

 

«Munch» er den fyrste dramatiseringa som er gjort av Edvard Munch sitt liv på kinolerretet!

 

Lengde: 1t 44min

Aldersgrense med begrunning: 12 år

Denne filmen inneholder tematikk knyttet til selvmord og psykiske lidelser. Dog ingen nærgående skildringer av vold. Partier med mørk stemning og sterke følelsesutbrudd. Filmen får derfor aldersgrense 12 år.
Premiere: 27.01.2023
Sjanger: Drama / Biografi / Norsk
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2023
Distributør: Ymer Media