Mumier på eventyr

Bli med på dei gøyale krumspringa til tre egyptiske mumiar som bur i ein underjordisk, hemmeleg by, skjult i det gamle Egypt. Trioen består av ei prinsesse, ein tidlegare vognførar og veslebroren hans, som i tillegg har ein kjælekrokodille.

 

I Egypt, dypt nede i jorden, ligg det ein 3000 år gamal mumieby der prinsessa Nefer og den tidlegare vognføraren Thut bur. Gudane og faraoen bestemmer at dei to framande skal gifte seg med kvarandre, mot deira vilje. Thut vel difor å gjemme den dyrebare gifteringen i ei hule.

 

Samtidig, på jordas overflate, gjennomfører Lord Silvester Carnaby ein arkeologisk ekspedisjon der han for fyrste gang finn noko av verdi: ein egyptisk grav. Der finn han blant anna ein giftering. Dette er den siste sjansen hans til å gå inn i historiebøkene som ein anerkjent arkeolog, men han forventar ikkje at ringen allereie har ein eigar...

 

Når Thut oppdagar at ringen er blitt stjålen, har han ikjke noko anna val enn å tre inn i menneskeverda og infiltrere dagens London. Med seg har han prinsesse Nefer, veslebroren Sekhem og kjælekrokodilla Croc, og saman får dei tre mumiane seg eit eventyr dei seint vil gløyme!

 

Lengde: 1t 28min 

Aldersgrense: 6 år

Premiere: 03.02.2023

Originaltittel: Mummies
Sjanger: Animasjon / Komedie / Familiefilm
Nasjonalitet: USA / Spania
Språk: norsk
Produksjonsår: 2023
Distributør: Warner Bros
 
 
DATO TID TITTEL PRIS SENSUR BILLETT
fr 10 feb 18:00 Mumier på eventyr 125/105 6 år Kjøp