Lise & Snøpels - Venner for alltid
OPPDATERT 12.02.22 KL 10.00:
Det er ikkje lenger krav om munnbind eller ein meter avstand. Regjeringa har fjerna alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19.
Sjå råd og anbefalingar her: www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/nasjonale-rad-og-anbefalinger/id2890588
Bli med på ein uforgløymeleg og magisk reise med Lise Mus og Snøpels Rev! Ein vakker og spennande historie om eit usannsynleg vennskap som du seint vil gløyme.
Etter ei nokså uheldig hending nede på jorda, befinn ei hissig lita mus ved navn Lise Mus seg plutseleg i dyrehimmelen. Etter kort tid treff Lise Mus på den sjenerte reven Snøpels Rev. Men kvar har ho sett ham før? Aha! Det var han som jaga henne ut i vegen, så det er sjølvsagt hans skuld at dei begge har hamna her!
Av naturlege årsaker kunne dei to aldri blitt vener nede på jorda, men for å lukkast på reisa gjennom denne merkelege nye verda så blir dei to naturleg fødde fiendane nødde til å jobbe saman. Og i dyrehimmelen, der dyr ikjke lenger kan ete kvarandre og der dei ikkje lenger har sine naturlege instinkt, oppdagar Lise kor mye ho faktisk har til felles med Snøpels. Saman legg dei ut på eit fantastisk og uforgløymeleg eventyr, og på vegen utviklar dei eit vakkert og usannsynleg vennskap.
«Lise & Snøpels – Venner for alltid» er ein rørande film om håp, mot og vennskap, om å overvinne frykta si, og at alt ikkje nødvendigvis er som du trur.
Lengde: 1t 20min