Let Him Go

Let Him Go

Kevin Costner i intens familiethriller! 

 

Ein pensjonert lensmann og kona hans sørgjer over sonen som er død, samstundes som dei kjempar for å redde det som er igjen av familien. 

 

I 1963, på ein ranch i Montana, har ekteparet George (Kevin Costner) og Margaret Blackledge (Diane Lane) trukke seg tilbake i eit fredeleg pensjonisttilvære. På ranchen bur også sonen deira James, saman med kone og son. Lukka blir brått snudd på hovudet då James døyr i en ulukke, og enka hans giftar seg på nytt inn i ein annan familie. George og Margaret får bange aningar om den nye familien barnebarnet deira no bur med, og bestemmer seg for å besøkje dei. Mottakinga hos familien Weboy går raskt frå venleg til trugande, og situasjonen eskalerer til at langt fleire ting brått står på spel.

 

Let Him Go er ein intens thriller med western-preg, og er basert på romanen med same namn av Larry Watson.

 

 

Lengde: 1t 54min

Aldersgrense med begrunnelse: 15 år
Denne filmen inneholder enkelte blodige volds- og drapshandlinger og får derfor aldersgrense 15 år.

 

Premiere: 04.06.2021
Skodespelarar: Kevin Costner, Diane Lane, Lesley Manville
Sjanger: Thriller
Regi: Thomas Bezucha
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Distributør: United International Pictures

 

 

Oppdatering gjeldande frå og med 27. mai, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:

 

• Inntil 200 publikummarar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

• Publikum vert av regjeringa oppmoda til å vere forsiktige og planlegge deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med mykje smitte.

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.