Krigsseileren

KRIGSSEILEREN er eit storslagent drama som fortel historia om skjebna til dei over 30.000 norske krigsseglarane og familiane deira under og etter andre verdskrig.

 

Vi følgjer sjømannen Alfred frå Bergen, som er gift med Cecilia og nybakt trebarnsfar. Då andre verdskrig bryt ut er han og barndomskameraten Sigbjørn på jobb på eit handelsskip midt ute i Atlanterhavet. Dei blir tvungne til å halde fram med å segle i fronten av ein krig dei ikkje har bedt om, i sivil og utan våpen. Heime i Bergen strevar Cecilia med å klare seg og å ta vare på de tre borna i eit okkupert land. 

 

Alfred og Sigbjørn kjempar for å overleve i ein nedadgåande spiral av vold og død, tyske ubåtar kan kva tid som helst angripe skipet som er lasta med materiell som er nødvendig for dei allierte sin krigsinnsats. Krigsseglarane har eitt mål: å overleve – for å kome heim.

Men korleis held ein fram med livet og relasjonane når ein har vore skilde i mange dramatiske krigsår? Kan slike sår legast og gro?

 

Filmen er skriven og regissert av den norske regissøren Gunnar Vikene, som tidlegare har stått bak filmar som 

"Krigsseileren er laget for å gi nærhet til krigsseilernes innsats og hvilket offer de og deres familier gjorde under andre verdenskrig. Det er nødvendig for å sette i perspektiv den uretten krigsseilerne ble utsatt for etter krigen. Filmen er ment som et minnesmerke over 30.000 norske krigsseilere.

 

Lengde: 2t 32min 

Aldersgrense med begrunning: 12 år
Denne filmen inneholder flere skildringer av lik og en noe nærgående skildring av et drap. Filmen inneholder også en lengre skildring av et mindreårig offer som lider. Da filmen ellers har et dempet uttrykk og omhandler en viktig del av norsk krigshistorie, anses filmen å ikke være skadelig for barn fra 12 år.
Premiere: 23.09.2022
Sjanger: Drama / Krigsfilm
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Ymer Media