KLATREkino: The Alpinist
Gjeldande korona-reglar frå 2. februar:
Sidan det er faste tilviste plassar i kinosalen, kan no alle seta brukast utan avstand mellom publikum. Merk deg likevel:
• Når du ikkje sit i setet ditt, skal du halde minst ein meter avstand til andre som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære. Dette gjeld til dømes på veg inn og ut av salen, i kioskkø, osv.
• Munnbind er påbode å bruke når du ikkje klarer å halde ein meter avstand, men du du har lov å ta det av når du har sett deg ned i setet ditt. Påbodet gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
• Kom gjerne tidleg til kinoen for å unngå kø, kiosken opnar 30 min før filmstart.
Sjå også informasjon på korona-sidene våre.
Velkomen til ein ny KLATREkino! Den spektakulære dokumentarfilmen THE ALPINIST har teke klatreverda med storm! Opplev dei fantastiske klatreeventyra til Marc-André på det store lerretet!
Medan resten av klatresporten har utvikla seg frå ein nisjeaktivitet til eit populært underhaldningstilbod, klatrar Marc-André Leclerc aleine, langt unna rampelyset. På avsidesliggande fjellveggar gjennomfører den frisinna 23-åringen nokon av dei mest vågale soloklatringane i historia. Likevel får han lite merksemd. Utan kamera, tau og feilmarginer er Marc-André si tilnærming det ultimate soloeventyret.
Intrigert av desse tause bragdene, bestemmer regissør Peter Mortimer seg for å lage ein film om Marc-André. Men den kanadiske einstøingen lever eit nomadisk liv og er mediesky. Han eig verken telefon eller bil, og er motvillig på å sleppe filmcrewet til i hans private klatreverd.
Medan Peter slit med å henge med, gjennomfører Marc-André stadig meir spektakulære og vågale klatringar. Verdas fremste klatrarar er stumme av beundring for prestasjonane hans, medan andre frykter at han tek for store sjansar. Så gjev Marc-André seg ut på eit historisk prosjekt i Patagonia som kjem til å endre vårt syn på kva som er mogleg innan soloklatring.
ALPINISTEN er en intim dokumentarfilm om ein visjonær klatrar som følgjer hjartet sitt, sjølv om det set livet hans på spel.
Lengde: 1t 33 min