I krig med bestefar

I krig med bestefar

Peter er ein heilt vanleg gut som går i 6. klasse. Som dei fleste på hans alder likar han å game og å henge med vennane sine. Men då bestefaren Ed (Robert De Niro) blir enkemann og flyttar inn i familien sitt hus, blir Peter tvungen til å gje bestefar rommet sitt. Men Peter vil ikkje gje opp rommet utan kamp og erklærar krig! Gjennom fleire utspekulerte skøyarstrekar prøvar han å erte fienden til å gje opp rommet, men bestefar gjev seg heller ikkje så lett, og snart er dei begge oppslukt av kampen.

 

Filmen er regissert av Tim Hill, som også sto bak «Alvin og gjengen» og «Hopp», og med ein kampklar Robert De Niro i front. Dei andre rollene inkluderar mellom anna Uma Thurman, Rob Riggle, Christopher Walken og Jane Seymour.

 

Merk: Filmen har engelsk tale og norsk tekst

 

Lengde: 1t 38min 

Aldersgrense med begrunning: 6 år

Denne komedien inneholder flere voldsomme scener med slapstick-preg. Filmen får derfor 6-årsgrense.

 

Premiere: 15.01.2021
Originaltittel: War with grandpa
Skodespelarar: Robert De Niro, Christopher Walken, Uma Thurman, Rob Riggle, Jane Seymour
Sjanger: Komedie / Familiefilm / Barnefilm
Regi: Tim Hill
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2018
Distributør: Norsk Filmdistribusjon

 

 

Korona-oppdatering 20. januar:

Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og tilstøytande kommunar med lite smitte. Operasalen og kinosalen har fastmonterte sete, dermed kan vi ta imot inntil 200 publikummarar. Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for arrangement eller kino, kontaktar vi billettkjøparane. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.