House of Gucci

House of Gucci

Korona-oppdatering etter 15. desember:

- Det er påbode med munnbind og dette må du ta med sjølv. I kinosalen har du lov å ta det av når du har sett deg ned i setet ditt, fordi det der ligg inne ein meter avstand (to tome sete) mellom billettkjøparane.

- Born under 12 år treng ikkje bruke munnbind, heller ikkje dei som av medisinske årsaker eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
- Maks 50 personar i salen. 
- Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitte saman, alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar.
- Grunna smittesporing må du sitte i akkurat det setet/seta du har kjøpt. Kjøper du billett til andre og/eller fleire, må du kunne oppgje namn og kontaktinfo på vedkomande / alle, samt vite nøyaktig kven som sat i kva slags sete. 
- Viss du er sjuk eller har symptom, held du deg sjølvsagt heime.

 

Sjå også oppdatert informasjon på korona-sidene våre. 

 

House of Gucci er inspirert av den sjokkerande og sanne historia om familien bak det italienske motehuset Gucci.

 

Over tre tiår med kjærleik, svik, forfall, hemn og til slutt drap viser kva eit namn betyr, kva det er verdt, og kor langt ein familie er villige til å gå for kontroll. Dette er historia om korleis Patrizia Reggiani, ekskona til Maurizio Gucci, planla å drepe mannen sin, barnebarnet til den anerkjende motedesignaren Guccio Gucci.

 

Eit stjernelag av skodespelarar blir førde i spissen av Lady Gaga og Adam Driver i hovudrollane som Patrizia og Maurizio. Resten av den imponerande rollelista består mellom anna av Jared Leto, Jeremy Irons, Hack Huston, Salma Hayek og Al Pacino! 

 

Lengde: 2t 40min

Aldersgrense med begrunning: 12 år
En lite nærgående skildring av alminnelig seksualitet, samt et drap, gjør at filmen får aldersgrense 12 år.
 
Premiere: 26.11.2021
Sjanger: Krim / Drama / Thriller
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: SF Norge