Ghostbusters: Afterlife

Ghostbusters: Afterlife

Korona-oppdatering etter 15. desember:

- Det er påbode med munnbind og dette må du ta med sjølv. I kinosalen har du lov å ta det av når du har sett deg ned i setet ditt, fordi det der ligg inne ein meter avstand (to tome sete) mellom billettkjøparane.

- Born under 12 år treng ikkje bruke munnbind, heller ikkje dei som av medisinske årsaker eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
- Maks 50 personar i salen. 
- Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitte saman, alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar.
- Grunna smittesporing må du sitte i akkurat det setet/seta du har kjøpt. Kjøper du billett til andre og/eller fleire, må du kunne oppgje namn og kontaktinfo på vedkomande / alle, samt vite nøyaktig kven som sat i kva slags sete. 
- Viss du er sjuk eller har symptom, held du deg sjølvsagt heime.

 

Sjå også oppdatert informasjon på korona-sidene våre. 

 

Oppfølgar til kultklassikaren frå 1984! 

 

Ei aleinemor og dei to borna hennar flyttar til ein liten by i USA, og oppdagar at dei har ei tilknyting til legenda om Ghostbusters og ein hemmeleg arv som bestefaren deira etterlet seg. 

  

Lengde: 2t 04min

Aldersgrense med begrunning: 12 år

Denne filmen har partier med mørk stemning, skremmende skikkelser og forvandlinger. Den får derfor aldersgrense 12 år.

 

Premiere: 03.12.2021
Sjanger: Action / Komedie / Krim
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Distributør: SF Norge