Generasjon Utøya

Besøk av Torbjørn Vereide

Før visninga torsdag 6. mai kjem Torbjørn Vereide på besøk til Stad kino. Torbjørn var sjølv på Utøya i 2011, og vil før filmen ha ei innleiingssamtale saman med lokale politikarar. Samtalen startar 18:30, og er open for alle som har billett til filmen kl. 19:00. 

 

 

Fire unge kvinner som alle overlevde Utøya, har valgt å fortsette sitt sterke politiske engasjement. Dei nektar å la seg skyte til tausheit og representerer ein generasjon politikarar som torer å drøyme om og kjempe for ei betre framtid. Dei unge politikarane opplevde å bli dødeleg såra, eller dei såg vener og kjærestar bli drepne. Felles for dei alle er at dei er tvungne til å bearbeide det som skjedde, og har valgt å jobbe aktivt vidare for det dei trur på. Dei kjempar vidare, ikkje berre på vegne av seg sjølv, men på vegne av ein heil ungdomsgenerasjon, samstundes som dei gjev håp til eit heilt land og folk.

 

 

Om dei medverkande Ina Libak, Kamzy Gunaratnam, Line Hoem og Renate Tårnes:

 

Under terrorangrepet mot Utøya vart tidlegare AUF-leiar Ina Libak (31) skoten fire gongar og alvorleg skada. Libak synes sjølv det har vore lite merksem knytta til at Arbeiderpartiet av mange forskjellige årsaker mista ein heil generasjon unge politikarar:
– Hendelsen ga arbeiderbevegelsen mange dype sår. Vi mistet mange som kunne hatt både sentrale roller og ansvar i nåtiden. Ekstremt mange er påvirket av hendelsen og hele bevegelsen var lenge i sorg etter Utøya. Mange orket ikke lenger drive med politikk. De fikk traumer og hadde det veldig vondt. Også blant de overlevende mistet vi mange som ikke orker å drive med politikk lenger, og det har vært lite fokus på hvor mye det som skjedde på Utøya virkelig påvirket bevegelsen vår, meiner Libak.

 

Varaordførar i Oslo, Kamzy Gunaratnam (33) var sentralstyremedlem i AUF. Ho redda seg ved å legge på svøm over til land. No brenn ho for å skape eit samfunn som hindrar at det same skjer igjen, blant anna som varaordførar i Oslo og som ein av kandidatane til Stortinget ved valet til hausten.

 

Den tredje medverkande er Line Hoem (34). Ho var tidlegare varaordførar i Kristiansund, og er no gruppeleiar for Arbeiderpartiet i fylkestinget i Møre og Romsdal. Ho har vore open på at ho har slite psykisk etter terrorhandlinga på Utøya, men vore i ein positiv prosess over mange år, og er no sterkare enn nokon gong.

 

Også Renate Tårnes (31) blei sterkt ramma under Utøya-terroren. Ho sto berre ti meter frå kjæresten då han vart skoten på kloss hald, før ho sjølv også vart skoten mot, men utan å bli fysisk skada. Eitt av dei desidert sterkaste augeblinkane under rettssaka mot Anders Behring Breivik i Oslo tingrett var då naudsamtala til Renate Tårnes vart spelt av. I dag er Tårnes rådgjevar i informasjonsavdelinga til Fagforbundet.

 

 

 

Lengde: 1t 40 min

Aldersgrense med begrunning: 9 år
Partier med utrygg stemning og enkelte dramatiske skildringer gjør at filmen får aldersgrense 9 år.

 

Premiere: 23.04.2021
Medverkande: Ina Libak, Kamzy Gunaratnam, Line Hoem og Renate Tårnes.
Sjanger: Dokumentar
Regi: Aslaug Holm og Sigve Endresen
Nasjonalitet: Norge
Språk: norsk
Produksjonsår: 2021
Distributør: Euforia

 

 

 

Korona-oppdatering 16. april, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:
• Arrangement og kino kan gjennomførast med publikum frå Stad kommune og nabokommunar med lite smitte.

• Inntil 100 publikummarar kan vere samla. 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.