Fast & Furious 9

Dominic Toretto og gjengen er tilbake i ein ny, fartsfylt Fast & Furious-film!

 

Dominic Toretto forsøker å gjenoppta eit normalt liv saman med Letty og sonen Brian. Men den kriminelle meisterhjerna Cipher er framleis ute etter å ta knekken på familien hans. Ho rekrutterer Dominic sin yngre bror, Jakob - ein livsfarlig leigemordar som har ein personleg vendetta mot Dominic. Den einaste sjansen Dominic har til å redde dei som står han nærast, er å ta eit oppgjer med fortida. 

 

 

 

Lengde: 2t 23 min

Aldersgrense med begrunning: 12 år

Denne filmen inneholder store mengder sjangertypisk actionvold og urealistiske actionscener. Da disse er lite nærgående får filmen aldersgrense 12 år. 
 
Premiere: 25.06.2021
Originaltittel: F9
Skodespelarar: Vin Diesel, Michelle Rodriguez, Tyrese Gibson, Ludacris, John Cena, Nathalie Emmanuel, Jordana Brewster, Sung Kang, Helen Mirren, Kurt Russell og Charlize Theron.
Sjanger: Action
Regi: Justin Lin
Nasjonalitet: USA
Språk: engelsk
Distributør: United International Pictures
 
 
 

Oppdatering gjeldande frå og med 27. mai, etter nye reglar og anbefalingar om arrangement:

 

• Inntil 200 publikummarar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar.

 

• Publikum vert av regjeringa oppmoda til å vere forsiktige og planlegge deltaking på arrangement slik at ein i størst mogleg grad unngår smittespreiing mellom stader. Herunder å ikkje oppsøkje arrangement i ein annan kommune dersom ein bur i ein kommune med mykje smitte.

 

 

Dersom smittesituasjonen, reglar og anbefalingar endrar seg slik at det får konsekvensar for gjennomføringa av arrangementet, kontaktar vi billettkjøparane direkte via e-post. Har du spørsmål? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Viktig billettinformasjon: Vi gjer alt vi kan for å sikre deg ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane. Personar frå same husstand kan sitje saman. Alle andre må kjøpe enkeltbillettar. Billettsystemet syter for at det står igjen nødvendig avstand mellom deg og neste billettkjøpar. Du må registrere namn og kontaktinfo når du kjøper billett. Kjøper du billett til andre/fleire, må du kunne oppgje deira namn og telefonnummer ved eventuell smittesporing. Viss du er sjuk, held du deg sjølvsagt heime.