Familien Voff - alle trenger en venn

Gjeldande korona-reglar per 14. januar:

 - Det er påbud om munnbind der du ikkje kan halde 1 meters avstand til andre, og munnbindet må du ta med sjølv! Kom gjerne tidleg til kinoen for å unngå trengsel og kø. Kinokiosken opnar 30 min før filmen startar.

 

 - Plikta til å bruke munnbind gjeld ikkje medan ein et eller drikk sitjande, og heller ikkje for barn under 12 år eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke det. 

 

 - Grunna smittesporing må du sitte i akkurat det setet/seta du har kjøpt. Kjøper du billett til andre og/eller fleire, må du kunne oppgje namn og kontaktinfo på alle, samt vite nøyaktig kven som sat i kva slags sete. Personar frå same husstand eller tilsvarande nære kan sitte saman, alle andre skal kjøpe enkeltbillettar. 

 

 - Hald deg heime og test deg dersom du har symptom eller om du har blitt sjuk. 

 

Sjå også informasjon på korona-sidene våre. 

 

Heile den store familien Voff dreg på sommarferie til hytta ved sjøen. Den vesle valpeguten Småen gledar seg fælt til å bruke ferien på å leike med alle storesyskena sine! Men då dei kjem fram, blir det ikkje heilt slik han hadde sett føre seg. Det viser seg at dei fem syskena hans har mange andre ting dei heller vil gjere enn å leike med veslebroren. Sjølv om dei har lova å leike med han! Heldigvis slepp han å vere aleine særleg lenge, for i nærleiken av hytta bor nemleg eit par kattungar han kan leike med! Og då ordnar jo alt seg! Eller...? 

 

Lengde: 1t 17min

Aldersgrense med begrunning: Tillatt for alle
Denne filmen inneholder ingen scener som antas å være skadelig for barn, og den blir derfor tillatt for alle. 
 
Premiere: 14.01.2022
Originaltittel: Barkers: Mind the Cats!
Sjanger: Animasjon / Familiefilm / Barnefilm
Nasjonalitet: Russland
Distributør: Storytelling Media