Emily

Emily

EMILY følgjer den transformative, spennande og oppløftande reisa til Emily Brontë, ein av historien sine mest kjende og hemmelegheitsfulle forfattarar.

 

Ho vaks opp i ei tid då kvinner skulle vere stille, lydige og pliktoppfyllande. Dei fekk absolutt ikkje seie meninga eller dele tankar, kjensler og draumar. Emily er imidlertid fantasifull, rebelsk og brenn etter å fortelje historiane sine. Dette er historia om hennar oppvekst som kvinne i 1800-talets Storbritannia og forholda som forma henne. Den fortel om hennar store kjærleik til broren Branwell, det intense søsterskapet med Charlotte og Anne, og ikkje minst om hennar forbodne kjærleik. 

 

Handlinga finn stad før ho skreiv Stormfulle Høyder (Wuthering Heights) og viser korleis ho som ein rebell og utanforståande utviklar seg til å bli ein av verdas mest kjende, gåtefulle og provoserande forfattarar.

 

Emily Brontë spelast av Emma Mackey, som fekk sitt store gjennombrot i serien 'Sex Education'. Filmen hadde verdspremiere på filmfestivalen i Toronto og er skriven og regissert av Frances O'Connor.

  

Lengde: 2t 10min

Aldersgrense med begrunning: 12 år
Filmen inneholder lite nærgående skildringer av alminnelig seksualitet. Den inneholder også sterke følelsesutbrudd med et intenst utrykk og har dermed fått aldersgrense 12 år.
Premiere: 06.01.2023
Originaltittel: Emily
Sjanger: Drama / Biografi
Nasjonalitet: Storbritannia
Språk: engelsk
Produksjonsår: 2022
Distributør: Ymer Media
 
 
 

Stormfulle høyder - 19. februar i Operahuset

Søndag 19. februar kan du oppleve Emily Brontë sitt meisterverk på scena, då Riksteatret besøkjer Operahuset Nordfjord med sin versjon av "Stormfulle høyder". Info om stykket og link til billettkjøp finn du på Operahuset sine sider. Du kan også følgje Facebook-arrangementet her.