Drive My Car
Gjeldande korona-reglar frå 2. februar:
Sidan det er faste tilviste plassar i kinosalen, kan no alle seta brukast utan avstand mellom publikum. Merk deg likevel:
• Når du ikkje sit i setet ditt, skal du halde minst ein meter avstand til andre som ikkje er i same husstand eller tilsvarande nære. Dette gjeld til dømes på veg inn og ut av salen, i kioskkø, osv.
• Munnbind er påbode å bruke når du ikkje klarer å halde ein meter avstand, men du har lov å ta det av når du har sett deg ned i setet ditt. Påbodet gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
• Kom gjerne tidleg til kinoen for å unngå kø, kiosken opnar 30 min før filmstart.
Sjå også informasjon på korona-sidene våre.
Filmen er ein del av filmserien INTERNASJONAL KINO, der vi viser filmar med ikkje-vestleg opphav. Alle filmar har anten norske eller engelske undertekstar, så du treng ikkje kunne talespråket for å henge med. Kom på kino og utvid filmhorisonten din! Prosjektet har fått prosjektstøtte av NFI si ordning for lokale kinotiltak, og skal fremje mangfaldet i kinotilbodet vårt.
Regissør og skodespelar Kafuku er i djup sorg, men tek likevel på seg eit teateroppdrag i Hiroshima. Her blir han konfrontert med sine indre demonar, og ein uventa relasjon oppstår med den nye sjåføren på deira lange køyreturar i en knallraud Saab 900. Drive My Car er ei vakker og stemningsfull forteljing om sjølve livet.
Den kritikarroste filmen er Japan sin Oscar-kandidat, og var blant favorittane til årets Gullpalme i Cannes. Der vant den både prisen for beste manus og kritikarprisen. Filmen er basert på ei novelle frå boka Menn uten kvinner av Haruki Murakami.
Lengde: 2t 59min
Duration: 2t 59min
Age certificate: 12 years (suitable for adults)