Avatar: The Way of Water (3D)

James Cameron sin suksessfilm Avatar frå 2009 markerte eit skilje i filmhistorien. Filmen blir ansett som eit filmteknologisk gjennombrot for si utvikling av 3D-visningar og stereoskopisk filmproduksjon med kamera som vart laga spesielt for filmen. Den er også den fyrste store kommersielle 3D-suksessen på ordinære kinoar.  Filmen vart ein gedigen publikumssuksess med ei totalomsetning på 2,8 milliardar dollar i billettinntekter, og var fram til 2016 den mest innbringande filmen i historia. Den vann tre Oscar-prisar for beste visuelle effekter, beste kinematografi og beste scenografi, og vart nominert i ytterlegare seks kategoriar. Den vann også elleve Saturn Awards, inkludert for beste science fiction-film. Filmen blir stadig analysert mellom anna for skildringa av kulturelle, politiske og religiøse samfunnsproblem.
 
13 år etter suksessen er det klart for neste kapittel i filmserien! 
 
OMTALE: 
Meir enn eitt tiår etter hendingane i den fyrste filmen, fortel «Avatar: The Way of Water» historia om Sully-familien - Jake, Neytiri og borna deira, om tragediane som følgjer dei, og kor langt dei må gå for å beskytte kvarandre og halde seg i live.
 
MERK: info om lyssensitivitet 
Filmen inneheld fleire sekvensar med blinkande lys som kan påvirke dei som har lysfølsom epilepsi eller har andre former for lyssensitivitet.
 
Versjonsinfo: 
Denne visninga er i 3D. Ynskjer du å sjå filmen i 2D finn du oversikt over desse visningane her
Du får låne 3D-briller på kinoen. 
 
 
Premiere: 14.12.2022
Sjanger: Action / Eventyr / Sci-Fi
Nasjonalitet: USA
Produksjonsår: 2022
Distributør: The Walt Disney Company Nordic