Slik kjøper du billettar

Billettar til kino og framsyningar i Operahuset Nordfjord kan kjøpast her på vår internettside, på Stad bibliotek Nordfjordeid i Operahuset Nordfjord, og ved inngangen om lag ein time før arrangementet startar, om det då framleis er ledige billettar att.

 

Den enklaste måten å kjøpe billettar på er via vår nettside, eller med appen eBillett

 

Problem? Sjekk hjelpesidene til eBillett eller kontakt post@ebillett.no eller post@operahuset.no.


Rullestol-/handikapplassar:

Både operasalen og kinosalen har plass til rullestolar. Billettar til desse plassane kan ikkje kjøpast på nettet. Kontakt oss for å ordne dette: Send epost til post@operahuset.no, kom innom Stad bibliotek Nordfjordeid (tlf 918 58 980) eller billettskranken i operahuset når her er kino og arrangement. 

NB! Det er trapp opp til galleriet i operasalen, ikkje tilkomst via heis. Dei som har vanskar med å gå trapper bør difor kjøpe billettar nede i salen, på parkett (som er stolar i amfi).

 

Følgjekort/ledsagerbevis: 

Operahuset Nordfjord aksepterer følgjekort/ledsagerbevis. Med eit slikt bevis, kan vedkomande ha med gratis følgje på arrangement. På nokre arrangement kan ein ordne følgjekortbillett på nett, andre gonger må ein ordne dette på Stad bibliotek Nordfjordeid, i billettskranken på kino- og kulturarrangement eller ved å kontakte post@operahuset.no

 

Teleslynge:   

Det er etterinstallert teleslynge i deler av operasalen nede, på rad 6-9. Litt avhengig av type hørselstap, kan ein også få inn teleslynge andre stader i salen. Nokre vil ha problem på dei tre ytste seta på rad 6-9. Kontakt oss gjerne viss de vil ha meir informasjon! På arrangement i operahuset, kontaktar de husvert eller teknikar. Utanom kan de sende epost til post@operahuset.no. I kinosalen er det teleslynge i heile salen. 

 

Aldersgrense barn:

Barnebillett gjeld til og med 14 år. Frå 15 år og oppover betaler ein vaksenbillett. Det er alderen på arrangementsdagen som gjeld. Går ein på eit arrangement dagen før 15-årsdagen, gjeld barnebillett. Deretter vaksen.

Nedre aldersgrense for barn: Dersom barnet skal ha eige sete, betaler ein barnebillett.

På nokre framsyningar er det ikkje barnebillett, då gjeld ordinær pris for både barn og vaksne. Kinoar med 15- og 18-års sensur har sjølvsagt ikkje barnebillett. 

 

Rabattar:

På nokre arrangement er det berre ordinær billett, andre har også barnebillett, medan det også finst arrangement med rabattar for honnør, student, medlem i ulike organisasjonar osv. Informasjon om dette står i omtalen av arrangementet og når ein kjøper billett på nettet. Riksteatret er blant dei som har fleire ulike rabattar.

 

Kredittsal:

Større grupper, bedrifter osv kan få tilsendt faktura på billettane. Fakturaen må vere betalt før billettane vert sende eller kan hentast. Kontakt post@operahuset.no for å gjere avtale.

 

Billettavgifter:

Inkludert i pris per selde billett: Seteavgift 20 kr til Operahuset Nordfjord. Billettavgift 5 kr