Killer Queen

Tributekonsert med Patrick Myers i rolla som Freddie Mercury!

Med Patrick Myers i rolla som Freddie Mercury er det berre å glede seg til ein kveld spekka med Queens klassiske hits i denne tributeførestillinga som er det næraste du kan kome eit live Queen-show. Med autentiske instrument, same scenografi og lys, ingen kor eller blåsarar, berre rett og slett Queen slik det var i «gode gamle dagar»! Britiske Killer Queen har turnert i heile Europa og USA, og er utnemnt til Worldwide Tribute Band of the Year. 

Queen er eitt av verdas største rockeband – nokon gong. Sjølv om den karismatiske vokalisten Freddie Mercury døydde i 1991, så lever musikken deira i høgste grad framleis. Kven kjenner ikkje hits som We are the Champions, Bicycle Race, Bohemian Rhapsody og Crazy Little Thing Called Love?

Stemninga stod i taket då same gjeng stod på operascena rett før pandemien i 2020. Ein fullsett sal reiste seg, song med og klappa på heile konserten. Vi gler oss til å få besøk av dei igjen!

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

 

Vis meir

Fre. 16.02 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 680,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord