Julesong

Julekonsert med Einar Bolstad, Kari Malmanger og Gunn Kvaale

Dei åtte siste åra har Julesong sunge og spelt for fulle hus på konsertar rundt om i Sogn og Fjordane.

I år er songarane i Julesong tilbake saman med erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle på strengeinstrument, Bjørn Tore Årøy på tangentar, Gjest Kvåle på gitar, John Børge Askeland på bass, og Trond Øyre med lyd- og lysdesign.

Konsertane som garanterer julestemning og gåsehud er sett saman av songar som høver til advents- og førjulstida.

Kremlaget som dannar “Julesong 2023” vil dei fleste kjenne igjen frå konsertane i åra før, og frå tidlegare julekonsertar og andre framsyningar i Sogn og Fjordane dei siste åra. Og ikkje minst TV-programmet “NRK Julelutt” som vart vist på NRK1 julaftan 2014.

Einar Bolstad, kjend frå mellom anna Folk Flest, syng mange av dei største juleklassikarane. Gunn Marit Kvaale syng nokre av dei mest kjende nye julesongane, og sin eigen julesong “Heim til deg” som vart spelt mykje på NRK P1 nasjonalt i fjor. Kari Malmanger vil mellom anna bidra med tradisjonsstoff frå folkemusikk og salmar. Saman framfører dei òg duettar og andre songar, som gir lys og varme i den mørke desembertida

Set av kvelden slik at du kjem i julestemning i år du òg!

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Fre. 08.12 Kl. 18.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 20 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 400,-

Gruppe 5+ 350,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord