Jævelungen

Foredragsshow med Magnus Jackson Krogh

Magnus Jackson Krogh har halde over 1000 foredrag og sceneshow og gitt ut 14 bøker om pyskisk helse, mobbing, sjølvbilete, draumar og om å vekse opp som «jævelunge». Han vart raskt ein av det største viralvloggarane i landet, der han pratar ope om opp- og nedturane i livet. Magnus skriv debattinnlegg og kronikkar for aviser, og deler av bøkene hans er å finne som pensum i skuleverket. Han blir stadig invitert til å snakke for store og små forsamlingar. Magnus er for mange ei dagleg vitamininnsprøyting. 

Nordlendingen no busett på Austlandet har fått mange namn; «Navern», «Viralkongen», «ADHD-Magnus» og «Oljebarna-Magnus».

Men i oppveksten var det berre «Jævelungen» som gjaldt. 

Og «Jævelungen» er tittelen på foredragsshowet han kjem til Operahuset Nordfjord med. Med brei tematikk og livserfaring ønskjer han å gje publikum innsikt i å vakse opp med overgrep og mobbing, samt inspirasjon til å ta grep om draumen sin. 

– Foredragsshowet «Jævelungen» tar opp eit langt og kort «drittliv» med jantelova, tabu, psykisk uhelse, skulegang og vegen til draumen. Vi skal innom 90-talet, vennskap, spiseforstyrrelsar og ADHD, fortel Magnus, og ber publikum førebu seg på både latter og tårer – på å bli både rørt, inspirert og provosert. 

«Jævelungen» har ingen øvre eller nedre aldersgrense, men publikum må rekne med bannskap og sterke historier.

Velkomen til en litt annleis kveld, eit foredragsshow du seint vil gløyme!

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Tor. 09.11 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 20 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 350,-

Ungdom/student 300,-

Gruppe 4+ 300,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord