Ingvard Wilhelmsen
Livet er eit usikkert prosjekt
Ingvard Wilhelmsen held foredrag for fulle hus over heile landet, og er kjend som ein av Noregs beste foredragshaldarar. I 2019 begeistra han 900 publikummarar i operasalen med «Sjef i eige liv», no kjem han tilbake med foredraget «Livet er eit usikert prosjekt».
Med ei herleg og morosam formidlingsevne utfordrer han våre haldningar til grubling og bekymring, liv og død, oss sjølv og andre. Mykje flaks og mange faktorar spelar inn for å avgjere kor godt livet blir. Då løner det seg å bruke kreftene på det ein kan gjere noko med. Wilhelmsen meiner at for å ha ro og fred i sinnet vårt, er det helt nødvendig å tåle livets uvisse og risiko.
Det meste her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi forheld oss til alt som skjer, bestemmer vi sjølv. Dei fleste av tankane våre er berre tull, tankar der vi bekymrar oss for ting som aldri verkeleg skjer. Ingvard Wilhelmsen utfordrar korleis vi handterer desse tankane.
Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i om lag 30 år drive den anerkjente Hypokonderklinikken i Bergen og skrive fleire bøker som «Livet er et usikkert prosjekt», «Sjef i eget liv», «Kongen anbefaler» og «Det er ikke mer synd på deg enn andre».
Praksisen, foredraga og bøkene har endra fleire liv som tidlegare har vore sterkt prega av angst, stress og bekymringar.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
