Ingvard Wilhelmsen: Livet er eit usikkert prosjekt

Ingvard Wilhelmsen held foredrag for fulle hus over heile landet, og er kjend som ein av Noregs beste foredragshaldarar. I 2019 begeistra han 900 publikummarar i operasalen med «Sjef i eige liv», no kjem han tilbake med foredraget «Livet er eit usikkert prosjekt».

Med ei herleg og morosam formidlingsevne utfordrer han våre haldningar til grubling og bekymring, liv og død, oss sjølv og andre. Mykje flaks og mange faktorar spelar inn for å avgjere kor godt livet blir. Då løner det seg å bruke kreftene på det ein kan gjere noko med. Wilhelmsen meiner at for å ha ro og fred i sinnet vårt, er det helt nødvendig å tåle livets uvisse og risiko.

Det meste her i livet kan vi ikkje gjere noko med, men korleis vi forheld oss til alt som skjer, bestemmer vi sjølv. Dei fleste av tankane våre er berre tull, tankar der vi bekymrar oss for ting som aldri verkeleg skjer. Ingvard Wilhelmsen utfordrar korleis vi handterer desse tankane.

Ingvard Wilhelmsen er professor emeritus ved Universitetet i Bergen og spesialist i indremedisin og psykiatri. Han har i om lag 30 år drive den anerkjente Hypokonderklinikken i Bergen og skrive fleire bøker som «Livet er et usikkert prosjekt», «Sjef i eget liv», «Kongen anbefaler» og «Det er ikke mer synd på deg enn andre».

Praksisen, foredraga og bøkene har endra fleire liv som tidlegare har vore sterkt prega av angst, stress og bekymringar.

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Ons. 13.03 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 495,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord