Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga: Langt heimafrå
Vel møtt til «Langt heimafrå», ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert.
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slått seg saman att for eit nytt prosjekt!
Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. 14. januar kjem dei til Nordfjord og spelar opp med låtar frå sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget.
Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.
Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Odd Nordstoga har halde fram med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar elskar. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg frå barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i Vinje. Uansett kor du kjem frå, kan vi love at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.
Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med svært god smak – dei er nemleg kvarandre sine største fan!
Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
